LibreOffice 24.2 Hjelp
CSV («Comma Separated Values») er eit tekstfilformat som vert brukt til å utveksla data frå ein database eller eit rekneark mellom ulike program. Kvar linje i ei CSV tekst-fil representerer ein post i databasen eller ei rad i reknearket. Kvart felt i ein databasepost eller celle i ei rad i eit rekneark vert til vanleg skild med eit komma. Men det er ingenting i vegen for å bruka andre teikn for å avgrensa eit felt, for eksempel tabulatorteiknet.
Dersom eit felt eller ei celle inneheld komma, må feltet eller cella vere omslutta med enkle (') eller doble (") hermeteikn.
Vel .
Finn CSV-fila du vil opna.
Viss fila har filetternamnet .csv, vel den fila.
Dersom CSV-fila har eit anna filetternamn, merkjer du fila og vel deretter «Tekst CSV» i feltet Filter.
Trykk på .
Dialogvindauget vert opna.
Set innstillingane for å dela teksten i fila inn i kolonnar.
Du kan førehandsvise layouten for importerte data lengst nede i dialogvindauget .
Trykk med høgre museknapp i ein kolonne i førehandsvisinga for å setja formatet eller gøyma kolonnen.
Merk av det tekstskiljeteiknfeltet som passar det teiknet som er brukt som tekstskiljeteikn i fila. Dersom teiknet ikkje finst i lista, må du skrive det inn i innskrivingsfeltet.
Trykk på .
Når du eksporterer eit rekneark i CSV-format, vert berre dataa i det valde arket lagra. All annan informasjon, inklusive formlar og formateringar, forsvinn.
Opna reknearket du vil lagra som ei kommadelt tekstfil.
Berre det gjeldande arket kan verta eksportert.
Vel .
Skriv inn eit namn for fila i feltet .
I feltet Filter vel du «Tekst CSV».
Det er valfritt å også leggja inn feltinnstillingar for tekst CSV-fila.
Vel .
Marker dei innstillingane du ønskjer å bruka i dialogvindauget .
Trykk på .
Trykk på .