LibreOffice 7.5 Hjelp
Gjer éin av desse:
Vel , merk eitt eller fleire lysbilete, og dra lysbileta til ei anna plassering. For å velja fleire lysbilete, kan du halda nede Shift-tasten og klikka på lysbileta. For å laga ein kopi av eit vald lysbilete, kan du halda nede KommandoCtrl medan du dreg. Musepeikaren endrar seg til eit plussteikn. Du kan også dra ein kopi av eit lysbilete inn i eit anna ope LibreOffice Impress-dokument.
Vel Vis → Disposisjon, merk eit lysbilete og dra lysbiletet til ei anna plassering.
Vel Vis → Normal eller Merknadar, merk lysbiletet i lysbiletpanelet, og dra førehandsvisinga av lysbilet til ei anna plassering.
For å fjerna eit lysbilete frå presentasjon mellombels, kan du gå til lysbiletsortering, høgreklikka på lysbiletet og velja Vis/gøym lysbilete. Nummeret på det gøymde lysbiletet vert streka ut. For å visa lysbiletet kan du høgreklikka på lysbiletet og så velja Vis/gøym lysbilete.